Stor fart kan føra til fugledød

Båtar og vasskuterar i stor fart kan føra til at fuglar i verneområde døyr. Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har fått meldingar om langt raskare køyring enn fartsgrensa i sårbare verneområde i Notodden og ved Norsjø.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.07.2022

-Stor fart kan føra til at fugleungane kjem bort frå mødrene sine. Då aukar faren for å døy mykje. Det er meldt at både båtar og vasskuterar vert køyrde langt fortare enn tillate fartsgrense i sårbare område, som mellom anna i verneområda i Notodden og ved Norsjø. Det seier rådgjevar Sigurd Anders Svalestad i Miljøvernavdelinga hos Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.

Sårbare fuglar
Fartsgrensene er sett mellom annet for å ta omsyn til fugl. Lav fart gir fuglane meir ro til hekking og rasting. I elvene er fuglane meir sårbare for stor fart enn på store vatn. Det er mindre avstand for å vurdere fart og fluktveg. Fugl må «ta høgde» for at båtar kan endre kurs sjølv om farta er stor.  Difor må dei raskt vekk frå elva. Samtidig er elvene i disse verneområda viktige matfat for næring til neste etappe på trekk. Ender skiftar fjør etter hekking. Nokre artar mister så mykje fjør at dei vert dårlege til å flyge.

-På elvar og vatn finn fugl mat og kvile. Båtar i høg fart kan skilje ungar frå flokken. Slike «bortkomne barn» vert lett etne opp av kråker og rovfugl, seier Svalestad.

Vis omsyn
Fartøy i stor fart splittar flokkar av fugl, dei fer til alle kantar. Verneområda mellom Norsjø og Notodden er laga for å verne fugl. I elvar og loner kviler ofte flokkar midt i vassdraget. Der er også båtleia. Frå Akkerhaugen til Heddalsvannet er fartsgrensa 5 knop. I utløpet av Heddøla er det motsvarande krav til låg fart. I begge naturreservata gjelder forbodet mot å bruke vasskuterar i verneområde og i ein avstand på 500 m frå verneområde.

-Vis omsyn til fugl, dei treng ro og får mykje meir tid til å komme unna med ungane i behald dersom farten er låg, oppfordrar Sigurd Anders Svalestad hos Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.