Ventar på sjukehuset sin eigen rapport

Statsforvalteren i Vestfold og Telemark vil venta på Sjukehuset Telemark HF sin eigen rapport før det blir tatt stilling til om det er behov for tilsyn ved sjukehuset. Statsforvalteren har fått seks saker frå Statens helsetilsyn om mogleg sykehussmitte av covid-19, som førte til alvorleg smitta og død for pasientar ved sjukehuset.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.02.2021

Ein av pasientane var innlagt på sjukehuset i april, medan resten av dei var innlagt i desember.

Sjukehuset Telemark HF har sett i gang ein hendingsanalyse, der dei skal sjå på om noko gjekk gale og foreslå tiltak vidare som kan hindra smitta. Sjukehuset skal ha ei brei tilnærming, med intervju av tilsette, pårørande og kommunar.

- Helseføretaket har sjølv ansvaret for pasientsikkerhets- og kvalitetsarbeidet. Verknaden av pasienttryggingsarbeid vil ofte bli best der verksemda sjølv følgjer opp svikt, seier fylkeslege Sigmund Skei.

Kontaktperson: Fylkeslege Sigmund Skei, mob:409 14 312

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.