Horten kommune stør kommunar i Nord-Noreg med beredskap for naudvatn

Grunna lågt nivå av grunnvatn, tørre vasskjelder og streng kulde, slit fleire kommunar i Nord-Noreg med forsyning av vatn. Det gjeld til dømes drikkevatn, vatn til landbruket og sløkkevatn til brannvesen.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.02.2021

imageqclte.png

Foto: Horten kommune. Biletet syner delar av lageret kommunen  har for naudvatn.

Horten kommune har over fleire år bygd opp ein god beredskap for å sikre eigne innbyggjarar i fall forsyninga av vatn vert redusert eller fell bort. I tillegg til å ha ein omfattande og særs grundig beredskapsplan med kartlegging av moglege reservevasskjelder, inndeling av kommunen i soner mv. så har kommunen kjøpt inn beredskapsmateriell som mellom anna er lagra i 4 containarar. No sender dei delar av eige beredskapsmateriell til støtte for kommunar i Nord-Noreg som slit. 

Kommunen, i samarbeid med selskapet Scanwater, sender no 6000 vassposar frå Horten sitt lager til Nord-Noreg.

Det må leggjast til at nivåa av grunnvatn i Vestfold og Telemark for tida er høgt, og at våre vasskjelder har rikeleg med vatn.

I Vestfold og Telemark er det normalt god tilgang på vatn, me har fleire store og små vasskjelder og fordelingsnett med redundans. Statsforvaltaren ser samstundes situasjonen i Nord-Noreg som ei påminning om at vassforsyning er ein kritisk samfunnsfunksjon. Me treng både tilstrekkeleg med vatn og vatnet må vere trygt å drikke. Vern av drikkevasskjeldene er eit viktig omsyn i arealplanlegginga og vert vurdert særskilt i sakshandsaminga.

I 2018 opplevde me ein tørkesommar med store konsekvensar for landbruket. Askøy kommune erfarte i 2019 at forureina drikkevasskjelder kan få fatale konsekvensar. Det er kommunen sitt ansvar å syte for å ha beredskap for både sløkkevatn og drikkevatn. Både vassmangel og koronaepidemien med mangel på smittevernmateriell, syner at beredskapslagre framleis er ein viktig del av beredskapen. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.