Hardangervidda nasjonalpark
Hardangervidda nasjonalpark blei oppretta i 1981 og er 3422 kvadratkilometer stor.
Hardangervidda er eit særleg verdifullt høgfjellsområde, og er Noregs største nasjonalpark. Området er viktig som tilhaldsstad for dei største villreinflokkane i Europa, og dei største delbestandane av mange fåtalige fugleartar i Sør-Noreg. Vidda byr på eit stort plantemangfald i skjeringspunktet mellom austlege og vestlege artar.
Føremålet med Hardangervidda nasjonalpark er å
- verne ein del av eit særleg verdfullt høgfjellsområde på ein slik måte at landskapet med planter, dyreliv, natur- og kulturminne og kulturmiljøet elles vert bevart
Nasjonalparken ligg i Odda, Ullensvang, Eidfjord, Hol, Nore og Uvdal, Tinn og Vinje kommunar i Vestland, Vestfold og Telemark og Viken fylker.
Klima- og miljødepartementet har delegert myndigheit for å forvalte nasjonalparken til tre fylkesvise tilsynsutval hjå statsforvaltarane i Vestland, Oslo og Viken, og Vestfold og Telemark.
Gratulerer med dagen til Hardangervidda nasjonalpark!
Landets største nasjonalpark feirer 40 år i dag. Jubilanten held seg i grei form, men treng godt stell for å klare dei neste 40 åra òg.
Lenker
Kontakt oss
Fagsjef Natur:
Arne Christian Geving
Telefon 33 37 23 51 / 90 04 39 15
E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no
All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.
Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding
Kontakt oss
Direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09
E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no
All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.
Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding