Sandvik naturreservat i Fyresdal
Fyresdal kommune fekk sitt niande naturreservat 23. juni 2020
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Generelt
Området omfattar Kråknuten som ligg 723 meter over havet og Hokås 576 meter over havet med tilhørande koller og lisider på nordsida av Russvatnet i Fyresdal. Russvatnet er ein del av Napevatn som er eit reguleringsmagasin med høgaste reguleringsgrense på 512 meter over havet.
Topografi
Området har forholdsvis variert topografi som omfattar koller, sør-, søraust- og sørvestvende lisider, myrflater, bakkemyr, bergvegger og sva. Høgdespennet strekkjer seg frå 500-975 meter over havet.
Verneformål
Føremålet med naturreservatet er å taka vare på eit område som har særleg verdi for biologisk mangfald på grunn av førekomst av skogtypar som gamal låglandsgranskog og med ein betydeleg del furuskog i samanbrotsfase. Det er ei målsetjing å behalde verneverdiane i mest mogleg urørd tilstand, og eventuelt vidareutvikle dei.
Naturfagleg kvalitet
Området har særskild naturvitskapeleg verdi på grunn av førekomsten av eldre barskog på høg bonitet. Naturreservatet har lokal til regional verneverdi (*/**).
Gamal granskog har middels udekka vernebehov i Telemark. Eldre furuskog på høg bonitet er og sjeldant i regionen.
Trass i at eldre skog dominerer store delar av det undersøkte område er det få areal med riktig gammal skog. Eksempelvis vart ei gran i aust anslått til ca. 140 år, og ei furu til ca. 130 år.
Naturreservata i Fyresdal |
Lenke til faktaark i Naturbase |
Fugldalen naturreservat |
|
Hæstad naturreservat |
|
Grønhovdåsen naturreservat |
|
Brårfjell naturreservat |
|
Vikfjell naturreservat |
|
Krålen naturreservat |
|
Storsteinfjell naturreservat |
|
Nordre Lia naturreservat |
|
Sandvik naturreservat |