Tenk deg om kvar du fyrer opp bål

Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.

Det er hyggeleg å kose seg med bål, men tenk deg om kvar du fyrer opp bålet. Her er nokre tips.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.07.2022

Skogbrannfare

Meteorologisk institutt melder i desse dagar gult farenivå når det gjeld skogbrannfare for blant anna Vestfold og Telemark. Konsekvensane av dette er at vegetasjon lett kan antennast og spre seg utover store område. 

 

Tips til bål og grilling

Du kan ha eit lite kaffebål/grill på sand og smågrus så nært sjøen at restane blir borte ved neste høgvatn. 

Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.

Du kan fyre med eigen ved/kol på tilrettelagt bålplass.

Foto: Oslofjordens Friluftsråd.

Unngå å legga bål eller grill direkte i vegetasjonen. Det kan skade sårbar natur og føre til brann.

Bål eller grill direkte på svaberg eller rullesteinar kan gi skade for all framtid.

 

Bålforbodet gjeld til 15. september 

Skogbrann plakat.JPG  

Hugs òg på at det beste er å ta med eigen ved eller kol når ein fyrer, særleg der det er mykje folk og mange som forsyner seg av vegetasjonen.

Det er også bålforbod i skog og mark frå 15. april til 15. september. Det aller viktigaste er at ein sjøl alltid har ansvar for at det ikkje oppstår brann. Sørg og for at bålet er slokna når du forlèt området.

 


God tur!

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.