Sårbar tid for mange fuglar

Svartbak, her i et av våre mange sjøfuglreservater. Foto: Statsforvalteren i Vestfold og Telemark
Svartbak, her i et av våre mange sjøfuglreservater. Foto: Statsforvalteren i Vestfold og Telemark

Våren er høgtid for å komma seg ut i naturen, enten du skal ut med båt, padla, klatra, rydda strender eller berre gå deg ein tur. Då er det viktig å hugsa at det er no fuglar og dyr er på sitt mest sårbare for forstyrringar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.03.2021

Miljødirektoratet sitt nye, digitale kart gjer det enkelt å sjå kvar det er forbode å ferdast medan fuglane hekkar.

Sårbar tid for mange fugler

– No kan alle som ferdast i naturen, både til lands, til vatn og i lufta, bidra til å ta omsyn til fuglelivet på ein trygg og enkel måte. Sjekk kartet over ferdselsforbod, så får du enkelt oversikt over kva område du skal styra unna, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Stort digitaliseringsprosjekt

Alle statsforvalterne har vore involvert i å utvikla og kvalitetssikre kartet. Dataa i kartet blir publisert gjennom opne karttenester, såg etter kvart vil ein kunna finna kartet i fleire kartverktøy.

– Statsforvalterne har i samarbeid med oss gjort ein kjempejobb med å tolka svært mange verneforskrifter og å digitalisera detaljar om kvar grensene går, seier Hambro

 

Les meir om saka på Miljødirektoratet sin heimeside.

Klikk i bildet for å gå inn på kartløysinga til Miljødirektoratet:

imagep3bjc.png

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.