I dag feirar vi 50 år med internasjonalt samarbeid om våtmark

Våtmarka i Ilene naturreservat, tatt med drone (etter løyve frå Statsforvaltaren).
Våtmarka i Ilene naturreservat, tatt med drone (etter løyve frå Statsforvaltaren). Foto: Arnt Mollan / Mollan Media.

Våtmarksdagen blir markert over heile verda i dag 2. februar. Samtidig kan Ramsar-konvensjonen feira 50 år med internasjonalt våtmarkssamarbeid.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.02.2021

Noreg var blant dei første landa som slutta seg til Ramsarkonvensjonen, også kalla konvensjonen om våtmark, som vart vedtatt 2. februar 1971 i den iranske byen Ramsar.

I Vestfold og Telemark har vi to internasjonale våtmarksområder under Ramsarkonvensjonen: Ilene og Presterødkilen naturreservat ved Tønsberg, og Møsvasstangen ved Møsvatn i Vinje.

På Besøkssenter våtmark Ilene i Tønsberg markerast dagen med ein natursti langs Grevestien frå besøkssenteret til fugletårnet. Her kan du skoda utover Ilene naturreservat, medan du får testa kunnskapen om våtmarker og Ramsar.

50 år med internasjonalt våtmarkssamarbeid (Miljødirektoratet)

Film om våtmark frå Ramsar i anledninga 50-års jubileet

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.