Miljøvennlege småbåthamner
For mange er ingenting betre enn å setta seg i båten og dure av garde. Med båthald følgjer det òg eit ansvar, og båteigarar og småbåthamner har eit spesielt ansvar for den forureininga som kan oppstå i ei småbåthamn.
Forureining frå spyling og vedlikehald av småbåtar
Hovudkjelda til forureining frå småbåthamner er spyling og vedlikehald av skrog i hamna. Frå båtpussen oppstår ulike typar farleg avfall, både brukte kjemikal som spillolje og frostvæske, og restar frå sjølve pussen, som slipestøv, maling – og botnstoffrestar.
Farleg avfall frå småbåtar
Farleg avfall som kan oppstå frå drift og vedlikehald av småbåtar, kan mellom anna vere:
- spillolje, motoroljer og smørjeoljer
- oljeforureina masse og vatn med olje-/dieselrestar, for eksempel frå botn av båtar
- oljefilter, bensinfilter og dieselfilter
- blanda drivstoff
- alle type batteri
- målingsrestar, løysingsmiddel, fugemassar, avskrapa botnstoff, filler og kostar med måling/botnstoff
- sprayboksar
- elektrisk- og elektronisk utstyr (EE-avfall)
Småbåthamner må ta imot alt avfall frå båtturen
Det er viktig at avfall ikkje kjem på avvege. Ei småbåthamn skal kunne ta imot alt avfall etter ein båttur, jf. forureiningsforskrifta kapittel 20. Hensikta med forskrifta er at alle hamner har ei tilfredsstillande mottaksordning for avfall frå båtar.
Hamneansvarleg skal ut frå behovet for levering, sørge for etablering og drift av mottaksordningar for avfallet. For nokre hamner kan dette bety å vise til gjenvinningsstasjonen som ligg like ved, medan for andre betyr dette at dei må etablere og drifte mottak av ordinært og farleg avfall i hamna.
Alle hamner må ha godkjent avfallsplan
Alle hamner, både industrihamner og småbåthamner, må ha ein plan for handtering av avfall i hamna. Nytt skipsavfallsdirektiv (EU 2019/883) blei vedtatt i EU 2019, og er inntatt i forureiningsforskrifta kapittel 20. Forskrifta er endra i tråd med føresegnene i direktivet og trådde i kraft 1.oktober 2023. Føremålet med nytt regelverk er å verne havmiljøet ved å auke tilgangen til og bruken av mottaksordningar for avfall frå skip i hamner.
Alle kystkommunar har ansvar for å lage og revidere ein felles plan for alle hamner som hovudsakleg mottek avfall frå fritidsbåtar. Avfallsplanen skal sendast statsforvaltaren for godkjenning. Det er viktig at mottaksordninga er i samsvar med planen. Kvart 5. år skal planen reviderast og sendast til Statsforvaltaren til ny godkjenning. Ved etablering av ny hamn skal godkjent avfallsplan liggje føre før hamna blir teken i bruk.
Kommunen skal lage oversikt over alle hamner
Alle kommunar skal lage ein oversikt over alle hamnar i eigen kommune og sende denne til Statsforvaltaren. Kommunen plikter å halde oversikten oppdatert jamleg og melde i frå til Statsforvaltaren ved vesentlege endringar.
Oversikta skal omfatte følgjande typar hamnar så langt desse finst i kommunen:
- Kommunale eller interkommunale hamnar, til dømes offentlege trafikkhamner med vidare
- Industrihamner
- Fiskerihamner
- Småbåthamner og marinaer
- Andre private hamnar for fritidsbåtar
Lenker
Kontakt oss
Fagsjef Forurensning:
Siv Hege Wang Grøvo
Telefon 33 37 23 18
E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no
All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.
Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding
Kontakt oss
Direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09
E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no
All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.
Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding