Matnasjonen Noreg
Regjeringa la i dag fram strategien Matnasjonen Noreg. Bak denne strategien stend Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
«Matnasjonen Noreg handlar om verdiskaping og arbeidsplassar over heile landet innan jordbruk, fiske og havbruk, industrien, og mat- og måltidsbransjen. Det handlar om trygg og rein mat frå sunne og friske dyr, eit sunt kosthald, folkehelse, matglede og matkultur, mat- og reiselivsregionane og eit samla utviklingspotensial på dei områda» - seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.
Matnasjonen Noreg har ein visjon:
«I 2030 er mat ein kjelde til matglede, stoltheit, god helse og fellesskap i heile befolkninga, og er eit synleg element i turistlandet Noreg. Noreg er internasjonalt kjend for ein spennande matkultur, sin store sjømateksport og mat- og drikkeopplevingar med norske råvarer i verdsklasse.» Strategien skal bidrege til at matprodusentar, næringsliv og styresmakter jobbar tettare samen for å utvikle eit meir bærekraftig matsystem.
Med strategien prioriterer regjeringa fire innsatsområde som skal bidra til å oppnå visjonen for Matnasjonen Noreg:
- Produksjon av og tilbod om, bærekraftig, trygg og sunn mat av høg kvalitet.
- Skape grunnlag for vekst og verdiskaping i heile landet.
- Innovasjon og mangfald.
- Kompetanse, rekruttering og omdømmebygging.
Regjeringa seier at dersom me skal lukkast med å byggje ein sterk matnasjon, må arbeidet forankrast godt regionalt. Statsforvaltaren sin oppgåve er å vera ein regional pådrivar og samarbeide med regionale aktørar for å bidrege til nok og trygg mat, økt matmangfald og interesse for utvikling av
Matnasjonen Noreg. Statsforvaltaren skal syte for tilrettelegging og kompetansetiltak for utvikling av reiselivet og i bygginga av sterke mat- og reiselivsregionar. Me skal følgje opp tiltak under prosjektet Gylne måltidsøyeblikk, og arbeid med Matgledekorpset, som over en fireårsperiode skal fasast inn over heile landet. Statsforvaltaren skal og bidrege med fagleg hjelp for å følgje opp regjeringas nasjonale strategi for urbant landbruk.