KOSTRA-tala for omdisponering av dyrka og dyrkbar jord 2023 er klare

Jordbrukslandskap i Gvarv
Jordbrukslandskap i Gvarv Foto: Anne Aasdalen.

Den ferske statistikken for nedbygging av jordbruksareala i fylkane Telemark og Vestfold er presentert gjennom KOSTRA.

Publisert 28.06.2024

Dei førebelse tala frå mars vart stadfesta 17. juni som endelege tal for 2023.

Sjå presentasjon omdisponering av jord i Østlandsfylkane 1965-2023 her.

Dyrka jord

378 dekar dyrka jord vart omdisponert i 2023. 40 % av dette kan tilskrivast samferdselsanlegg med store prosjekt som mellom anna fastlandsforbindelsen i Færder kommune og E18 Helland, i tillegg til ein del nye gang- og sykkelvegar. 50 % kan tilskrivast bygg og byggområde med bustad- og fritidsbebyggelse, næringsbygg og offentlege bygg. Dei siste 10 % er ikkje nedbygd, men omdisponert til mellom anna skogplanting og friområde.

Dyrkbar jord

601 dekar dyrkbar jord vart omdisponert. Av desse kan 80 % tilskrivast bygg og byggområde der større næringsområde dominerer, og 11 % samferdselsanlegg.

Dei siste 10 åra var gjennomsnittet for omdisponert dyrka jord 229 dekar pr år, mens snittet for omdisponert dyrkbar jord var 292 dekar pr år. Dei siste to åra har det vore omdisponert 724 og 601 dekar dyrkbar jord, noko som er relativt høgt over snittet for dei siste ti åra.  Det er mellom anna omdisponert like mykje dyrkbar jord dei siste to åra, som dei 7 foregåande åra.

imagez3qll.png

Diagram 1. Diagrammet viser omdisponert dyrka og dyrkbar jord dei siste 10 åra i Vestfold og Telemark.

 

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.