Hjartdal og Svartdal
Svartdal og Hjartdal utvalde kulturlandskap utgjer to tradisjonsrike grannebygder i Øvre Telemark. Status som utvalt kulturlandskap kom i 2017.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Dei to bygdene høyrer heime i dei to kommunane Seljord og Hjartdal og er det største UKL område i Vestfold og Telemark på heile 34 000 dekar. Rundt 50 landbruksføretak er registrera her og pregar det unike landskapet med produksjon av både mjølk og kjøt. I tillegg drivast ulik stadeigen næringsaktivitet mellom anna spinneriet Telespinn samt overnatting og formidling.
Kombinasjonen av høgt biologisk mangfald og store kulturminneverdiar er grunnlaget for at området allereie i 1994 fekk den unike statusen som eit større heilskapleg kulturlandskap av nasjonal verdi. I 2003 var dei Noreg sine kandidatar til Unescos internasjonale kulturlandskapspris, og i 2017 fekk dei status som nasjonalt utvalde kulturlandskap i jordbruket.
Landskapa kjenneteiknast av blomsterrike slåttenger, store areal med haustingsskog og naturbeitemark, blant anna med søstermarihand. Her finn vi og fleire gravfelt i frå jernalderen, gamle steingardar og driftevegar, og ei stor mengd freda og verneverdige bygg. Område utgjer også ein viktig del av satsinga Mytiske Telemark.
Som ein viktig ressurs for UKL finnast eit eige kompetansesenter for kulturlandskap i Hjartdal – Kulturlandskapssenteret – og kvar juni arrangerast den tradisjonsrike Slåttefestivalen.
Her kan du sjå film om «kulturlandskapet i Hjartdal og Svartdal»
Komplett rapport for alle bygningane i Svartdal er lansera
I grannebygdene Hjartdal og Svardal UKL i Øvre Telemark finnast eit stort mangfald tradisjonsrike bygg. No ligg føre den fyrste av fleire kartleggingsrapportar som dokumentarar den unike kulturarven. Bygda Svartdal er fyrst ute.
Kontaktpersoner
-
Ellen Dagsrud
Tlf: 35 58 62 63 / 90 12 60 02