Tilskot til skogkultur og skogsvegar, taubane o.a. er no fordelt til kommunane i ØKS

Landbruksdirektoratet har nå lagt inn i ØKS (økonomisystem for skogordningane) tildelinga til Vestfold og Telemark for ordningane innan nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK) med tilskot til skogkultur og skogsvegar, taubane o.a.. Statsforvaltaren har samstundes fordelt midlane for desse ordningane til kommunane i fylket i samsvar med tildelingsbrev 22.01.2021 herifrå til kommunane.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.01.2021

Dei tildelte midlane er dermed klare for tildeling frå kommunane til tiltak innanfor ordningane, samstundes som nytt rekneskapsår er sett i ØKS og utbetalingar av inneståande tilskot dermed kan utbetalast på vanleg måte til godkjente investeringar innanfor skogkultur, vegbygging og drift med taubane, hest o.a.

NB! Når det gjeld skogkultur, må kommunane ikkje føre 2021-saker med tilskot før satsane er fastsett i samråd med kontaktutvalet i kommunen og meldt til Statsforvaltaren.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.