Tilskot til tømmerkaiar 2020

Ordninga med tilskot til utbygging av tømmerkaiar blir vidareført i 2020, og det kan løyvast 50 mill. kroner til formålet inneverande år.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.03.2020

Søknadsprosedyre, med skissesøknader fyrst og prioriterte skisser som går vidare til endeleg søknad, følgjer ein etablert behandlingsmåte for ordninga.

Søknadsfrist for skissesøknadene er 15. april 2020.

Dei som ønskjer at tidlegare innsende prosjektskisser, med eventuelle tillegg, skal vurderast på nytt og vere med i prioriteringa i 2020, må på same måte gi melding om det innan 15. april.

Søknader blir sende til postmottak@landbruksdirektoratet.no

Til grunn for vurdering av søknader blir forhold lagt som god lokalisering av kaien, god framkomst til kaien, lagar og kaifront, tømmertilgang over kaien og anleggskostnad. Samarbeid og finansiering mellom fleire næringar for å redusere skogbruket sine kostnader, blir også vektlagde. Det er ein fordel om prosjekta kan realiserast raskt.

Les meir om søknadsprosedyre og krav til innhald i skissesøknadene

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner