Kontoutskrift skogfond

Statsforvaltaren har no sendt kontoutskriftene for skogfond til Altinn. Dei som har feila ved sending skal kommunen senda ut sjølv. Les forklaringa nedst FØR de skriv dei ut.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 13.01.2023

Tal

I år er det totalt 10 038 kontoutskrifter i Vestfold og Telemark (60 færre enn i fjor):
• 8 809 av desse er sendt ut til skogeigarar via Altinn.
• Dei resterande kontoutskriftene (12 %) må kommunen senda ut sjølv.

FØR de sender ut kontoutskriftene:

• Bruk rapport 43. Adresseliste INTERN (ØKS -->Rapporter -->Rapporter -->Regnskap)
• Filtrar rapporten på kva kontoar som er merka som dødsbu.
• De får då ei oversyn slik at de unngår å senda til ein person som er død, men der namnet ikkje er endra til «dødsbu/bu».

Korleis skal kommunane senda ut kontoutskriftene?

• ØKS --> Rapporter --> Kontoutskrift 
• De kan velja om de vil senda til "alle" eller berre dei med "bevegelse" i 2022:

Hvordan sende kontoutskrift fra ØKS

• Utskriftval: Viktig å velja «Alle med feil ved sending til Altinn»
• Oppgi e-postadressa di nedst, huk av for «send rapport-link på e-post»
• Skriv som PDF
• VIKTIG: Skriv ut kontoutskriftene EINSIDIG!!

Ta kontakt dersom de har spørsmål.

Kontaktpersoner