Kommunen må ikkje bruke fleire tilskotsmidlar enn tildelt

Vi har hatt eit par eksempel på at kommunar har innvilga meir NMSK-tilskot til skogkultur enn dei har igjen i tildelt pott for 2020. Kommunen må sjekke gjenståande tilskotsmidlar FØR dei godkjenner søknader.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 24.08.2020

Om «overforbruket» ikkje vert oppdaga før godkjenning hjå Fylkesmannen, vil det bli berekna ein lågare tilskotssats, ut frå det beløpet som står att av kommunen si tildeling. Då blir det ikkje samsvar mellom vedtaket til skogeigar og tilskotet som faktisk vert overført til skogfondskontoen.

Dei aktuelle sakene er satt på vent hos FM, slik at kommunen kan sende søknad om ekstra tildeling av tilskot.

Vi må ta høgde for at alle midlar vert brukt opp i år, og når det er slutt på midlar, må eventuelle søknadar som står att bli satt på vent til neste år. Sjå dokumentet «Korleis følgje med på forbruk av NMSK-midlar i kommunen» for meir informasjon.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.