Feilmelding ØKS

Vi har fått melding om at mange får feilmelding då dei stadfestar godkjenning av utbetaling frå skogfond. Feilmeldinga gjeld alle utbetalingar til annan betalingsmottakar.

Publisert 14.04.2020

For utbetalingar som går til skogeigar, er det ikkje tilsvarande feil. 

Ei førebels løysing der kor det hastar med å få gjennomførd utbetalinga, er å endre søknaden slik at pengane blir utbetalte til skogeigar. Dersom dette gjerast, må kommunane sjølvsagd informere skogeigar på ein formålstenleg måte.

Utviklarane har ferie til over påske, men dei vil starte jobben med å rette feilen straks dei er tilbake. Vi kjem tilbake med meir informasjon så snart vi veit meir om framdrift og løysing, men håper at vi klarer å ha noko på plass innan utgangen av veke 16.

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner