Ekstraordinært tilskot til skogplanting våren 2021

All skogplanting våren 2021 kan få eit ekstraordinært plantetilskot på kr 1,20/plante. Det ekstraordinære plantetilskotet omfattar:
• nyplanting
• suppleringsplanting
• juletreplanting

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 31.05.2021

Ekstraordinært plantetilskot i ØKS gis kun til skogeigarar som har planta sjølv, eller der plantinga er utført av aktør som ikkje får sentralt tilskot. Skogeigar sin søknadsfrist er 1. september 2021.

Det er viktig at kommunane sjekkar om skogeigar har fått tilskot over den sentrale ordninga eller om dei skal ha tilskotet på kr 1,20/plante over NMSK-ramma. Dette vart gjort på same måte i fjor, men vi ber om at kommunane blir minte på det.

Den første kontrollen kommunen må gjera, er å sjekka om skogeigar har angitt:

  1. Arbeidskraft: 1 – Eige arb./Egne tilsette eller 2 – Entreprenør/andelsl.
    • Dersom skogeigar har angitt 2 – Entreprenør/Andelsl. og fakturaen viser at entreprenøren er ein av dei som har fått sentralt XP-tilskot av Landbruksdirektoratet, skal kommunen velja tilskotskode utan XP-tilskot.
    • Dersom skogeigar har angitt 2 – Entreprenør/Andelsl. og fakturaen viser at entreprenøren er ein av dei som ikkje har fått sentralt XP-tilskot av Landbruksdirektoratet, skal ein tilskotskode som bereknar XP bli nytta i ØKS.
    • Dersom skogeigar har angitt 1 – Eige arb./Egne tilsette, og underbilag betyr at dette stemmer, skal ein tilskotskode som bereknar XP bli nytta i ØKS.

Sjå rettleiing i dokument frå Landbruksdirektoratet til høgre.

Rettleiaren er òg lasta opp i ØKS under fana «Hjelp» - «Opplæring» - Tilskudd og søknader.
Det blir òg lagt ut rettleiing til forvaltninga på Landbruksdirektoratet sin nettside

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.