Viktig informasjon - godkjenning av Produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket
Det er innført ny funksjonalitet i fagsystemet eStil PT for å sikra at den som fattar vedtak har budsjettdisponeringsmynde, og at vedtak blir godkjent av ein annan enn den som har behandla søknaden. Det er ikkje lenger teknisk mogleg at endeleg godkjenning blir gjort av same person som har sett søknaden til førebels godkjent.
"Kapittel 7 Vedtak og utbetalingar i rundskriv 2021-6 Produksjonstilskudd og avløysartilskot – forvaltningsansvar og saksbehandling" er oppdatert med omtale av dette og kva krav som blir stilte til den som gjer den endelege godkjenninga av søknader. I tillegg er det endra omgrepsbruk i fagsystemet, frå «attestering» til «endeleg godkjenning», og rundskrivet er oppdatert i tråd med dette.
Den som skal gjera den endelege godkjenninga av søknaden (fatta vedtak) må, i tillegg til å ha skrivetilgang til eStil PT (PT_SB), ha rolla PT_VEDTAK.
Kommunane må gjera følgjande:
|
Kontaktpersoner
-
Miriam Himberg
Tlf: 33 37 23 74 -
Ingrid Knotten Haugberg
Tlf: 33 37 23 57 / 91 70 64 15 -
Mona Olsrød
Tlf: 33 37 23 64