To nye avgjerder etter jordlova frå Landbruksdirektoratet

Den eine saka gjeld spørsmål om fleire gards- og bruksnummer i ein kommune utgjorde ei driftseining etter jordlova § 12. Den andre saka gjeld frådeling av tilleggsjord. 

Publisert 01.12.2021

Den eine saka gjeld spørsmål om fleire gards- og bruksnummer i Ringsaker kommune utgjorde ei driftseining etter jordlova § 12. Landbruksdirektoratet kom til at ressursgrunnlaget til dei fire bruksnummera var nokså marginalt, men at dei likevel utgjorde ei driftseining. Eigedomen hadde ikkje stort med arealressursar, og ein del av areala låg i eit naturreservat. Landbruksdirektoratet fann at eigedomen hadde arealressursar som gjorde at den var omfatta av jordlova § 12, og slo fast at det ikkje var anledning til å gjere unnatak etter jordlova for areal som låg i naturreservat.

Den andre saka er frå Sel kommune. Her hadde kommunen tillate frådelt alt av fulldyrka jord og innmarksbeite på til saman 167 dekar frå ein eigedom med eit totalareal på 3606 dekar. Formålet med frådelinga var sal av tilleggsjord slik at eigaren blei sitjande att med bygningar og skog. Det var utvikla tilleggsnæring på garden, og jorda var planlagt selt til den som hadde leigd jorda i 30 år. Kommunen gav løyve til frådeling, Statsforvaltaren gjorde om då løyvet var i strid med omsynet til ein tenleg bruksstruktur og driftsmessig god løysing. Det vart konkludert med at ein slik delvis bruksrasjonalisering kunne bidra til å dreie praksis etter § 12 i uheldig retning. Landbruksdirektoratet stadfesta vedtaket til Statsforvaltaren.

Ta kontakt med oss dersom dykk ønsker å få vedtaka tilsendt.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner