Stadleg kontroll av uhausta avling

Kommunen må kontrollera all avling som ikkje kan haustast pga covid-19 (potet, grønsaker, frukt, bær og nokre veksthusproduksjonar). Det gjeld mangel på arbeidskraft ved innhausting.

Publisert 19.06.2020

Det er kommunen si oppgåve generelt i erstatningsordninga å kontrollera all uhausta avling, men det er spesielt i år at dette gjeld så tidleg i sesongen. Landbrukskontoret må ha folk til å gjera denne kontrollen gjennom sumaren. Det kan væra ei løysing å avtala med NLR at dei gjer kontrollen, men då som regel mot betaling.

Bøndene vart informert slik om meldeplikt og stadleg kontroll i det siste infoskrivet til bonden:

Endringar i reglane for erstatning avlingssvikt

Landbruks- og matdepartementet har utvida reglane for erstatning avlingssvikt slik at erstatninga i grøntproduksjonar dekkar avling som ikkje kan haustast pga covid-19 (potet, grønsaker, frukt, bær og nokre veksthusproduksjonar). Det gjeld mangel på arbeidskraft ved innhausting.

Kommunen skal ut på stadleg kontroll av uhausta avling. Det er derfor særs viktig at mogleg avlingssvikt blir meldt til kommunen «utan ugrunnet opphald» som det står i forskrifta. Les meir på LMD sine nettsidar. Vi minner om den absolutte søknadsfristen 31. oktober.

NLR informerar om meldeplikta på sin nettstad.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.