Tilskott til avløysing ved sjukdom og fødsel
«Rundskriv 2022/4 Kommentarer til regelverk om tilskudd til avløsning ved sykdom og fødsel» og «Rundskriv 2022/5 Forvaltning og saksbehandlingsansvar for sykdomsavløsning» er oppdatert.
Det er ikkje gjort endringar i forskrifta eller rundskriva.
Landbruksdirektoratet opplyser at dei berre har laga fleire eksempel som er meint å gjere sakshandsaminga enklare.
I kommentarane til rundskrivet er det laga eksempel som er knytt til krav om næringsinntekt i § 3 og til dispensasjon i § 9.
I rundskrivet for forvalting og sakshandsamaransvar er det laga eit forslag til mal for vedtak om avslag i pkt. 7 om «vedtak og utbetaling».
I pkt. 5 om dispensasjon, vert det bedt om ei grunngjeving i det høve at sakshandsamar vel å overstyre Agros ved å krysse av for «dispensasjon ikke nødvendig», og inntektskravet ikkje er blitt oppfylt.
Link til rundskriva her.
Kontaktpersoner
-
Anne Aasdalen
Tlf: 35 58 62 72