Produksjonstilskot 2020 – eStil PT er opna igjen

No er søknadsomgangen 2020 opna att i fagsystemet eStil PT, slik at søknader som er «Under behandling» kan handsamast og kommunane kan handsama klager.

Publisert 23.02.2021

Landbruksdirektoratet køyrer tilskotsutbetaling kvar onsdag ut mars. Frå og med april vil dei køyre utbetaling kvar onsdag i partalsveker. Sakshandsamar må ha attestert søknaden seinast fredag veka før utbetaling for å vere sikker på at tilskotet vert utbetalt påfølgjande veke.

Sjå sakshandsamarrundskriv kapittel 11 om klage og omgjering av vedtak utan klage, og kapittel 7 om vedtak og utbetalingar.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.