Produksjonstilskot – viktig om føretakskontrollar

Mykje godt arbeid er gjort med handsaming av søknader om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket. No i innspurten før fristen for sakshandsaming, må kommunane passe på at nødvendig kontrollarbeid er utført og dokumentert. Sjå hugseliste under og bruk kapittel 5 i rundskriv 2020-29 som støtte.

Publisert 15.12.2020

10 % av søknadene skal kontrollerast

Ein sjekk i fagsystemet 15. desember syner at ikkje alle kommunar har plukka ut 10 % av føretaka til kontroll enno. Det kan òg vere at kontrollar er planlagde eller gjennomførte, men ikkje registrert enno. Jf. rundskriv 2020-29, punkt 5.1 skal minst 10 % av søknadene kontrollerast. Kontrollar kan gjennomførast og registrerast heilt fram til 19. januar 2021.

Hugs å registrere kontrollen i fagsystemet

I eStil PT skal dato for risikobasert kontroll og kommentar skrivast inn. Vidare skal alle verdiane som er kontrollert førast inn i kontrollkolonna under den einskilde produksjonskode, avløysing og eigenerklæring. Tilskot vert uansett berekna ut frå «godkjente opplysninger». Kommunen må difor endre godkjente verdiar, om det under kontrollen vert funne ein lågare verdi enn søker sine opplysningar. Sjå rundskriv 2020-29, 5.7.

Hugs å take vare på dokumentasjon frå kontrollen

Kommunen skal ha skriftlege dokumenter for gjennomføring av kontroll:

  • Ved dokumentkontroll: Skriftleg kommunikasjon med føretaket
  • Ved stadleg kontroll: Skriftleg kommunikasjon og signert kontrollskjema

Aktuelle dokument er e-postar med varsel om kontroll, informasjonsutveksling mellom kommune og føretak, kopi av gjødslingsplan, dokumentasjon for avløysarutgifter, dyrehaldsjournalar mv.

Det er ein fordel å laste opp dokumentasjonen i fagsystemet eStil PT. Då har kommunen alt på ein stad, og dokumenta vert overført til kommunen sitt arkiv gjennom SvarUt.

Skriftlege vurderingar må kome fram

Kommunen sine funn i kontrollen og tydinga det har for tilskotet skal kome fram i avvikskommentarar og grunngjevingar for vedtak. Det må vere tydeleg for føretaket kva for vurderingar kommunen har gjort og kva som ligg til grunn for vedtaket. Hugs at sjølv om kommunen godkjenner tilskotet som føretaket har søkt om, kan det likevel vere nyttig for føretaket å sjå kvifor til dømes ein ekstensiv produksjon er godkjend. Det er òg nyttig for kommunen, viss vilkåret om vanleg jordbruksproduksjon skal følgjast opp ved seinare søknadsomgangar.

Knyt det einskilde føretak til risikovurderingar

Hugs at kommunen skal ha risikobasert kontrollplan for kvar søknadsomgang. Kommunen skal òg forklare skriftleg kvifor den einskilde søknad er plukka ut til kontroll. Det kan gjerast i fagsystemet i kontrollkommetaren eller i kommentarfeltet for sakshandsamar i seksjon «Behandling», eller det kan gjerast i kontrollplanen ved å føre opp føretaket under aktuell risikoindikator eller ordning.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.