Produksjonstilskot – sjekkliste før attestering av vedtak

Ein del av kommunane har allereie attestert sine vedtak om produksjonstilskot for 2020. Statsforvaltaren oppmodar likevel alle kommunar til å ta ein ekstra sjekk før vedtak vert fatta ved attestasjon. Vi har oppdatert sjekklista som ligg til høgre på denne side. 

Publisert 29.01.2021

Ta ein titt på ho! Legg spesielt merke til ein ny funksjon knytt til det nye kravet om skriftleg vurdering av alle varselmeldingar:

  • Det er no mogleg å søkje opp alle søknader der det er varselmeldingar som kommunen ikkje har vurdert skriftleg.

Slike vurderingar skal gjerast, og alle kommunar må gjere søket som er skildra i sjekklista, under punkt 3.

Det er 58 søknader i fylket som manglar vurderingar. Desse må på plass før 5. februar.

Ta kontakt om de treng hjelp.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.