Produksjonstilskot – nytt i eStil PT

Fagsystemet for produksjonstilskot, eStil PT, vert stadig utvikla og forbetra, ofte etter innspel frå kommunar og statsforvaltarar. Sei i frå om du ser behov for eller har gode idéar til endringar. Nytt i oktober 2021 er:

Publisert 11.11.2021

Dette er gjort av omsyn til personvernet:

  • Sakshandsamar kan berre hente ut avviksrapport frå eigen kommune
  • Statsforvaltaren kan berre hente ut avviksrapport frå eige fylke
  • Sakshandsamar kan berre søke opp saker som vert handsama i eigen kommune
  • Statsforvaltaren kan berre søke opp saker som vert handsama i eige fylke

Andre endringar:

  • Når sakshandsamar trykker knappen ‘Foreløpig godkjent’, kjem dialogboks med stadfesting til syne før ein kjem til søknadsoversikten
  • Det er retta ein feil i rapporten ‘Vanlig jordbruksproduksjon på frukt og grønt’.
  • Rapport over ‘Kontrollerte foretak’ viser no òg foretak der sakshandsamar berre har registrert dato og kommentar i kontrollskjema.
  • Øvst i alle rapportane ligg no lenke til rapportskildringane.
  • Dialogboksen som kjem til syne etter søk i Husdyrregisteret kan flyttast i skjermbiletet
  • Når det er registrert avkorting, og sakshandsamar trykker på knappen ‘Se beregningsgrunnlag’ i seksjonen ‘Behandling’, kjem det fram ein tabell som syner korleis avkortinga er utrekna
  • Føretak kan laste opp vedlegg etter at søknaden er levert, og søknadsfristen har gått ut

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.