Produksjonstilskot – hugs kontroll av 10 % av søknadene
Risikobasert kontroll av minst 10 % av søknadene om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket er ein betydeleg jobb, som de i kommunane må prioritere høgt no. Hugs kravet om skriftleg, risikobasert kontrollplan (sjå sak på nettsida for kommunal landbruksforvalting 14. oktober, med døme på malar).
Kontrollane av det enkelte føretak skal knytast opp mot ririkovurderingane i risikobasert kontrollplan og registrerast i fagsystemet. Hugs at kontrollverdiane skal førast under den enkelte kode i eStil PT, i kolonna «Risikobasert kontroll». Tilskotet vert uansett rekna ut på bakgrunn av verdiane i kolonna «Godkjente opplysninger».
Kravet til skriftleg dokumentasjon er skjerpa, og kommunen skal ha skriftlege dokumenter som syner alle deler av kontrollarbeidet. Kommunen må ta vare på skriftleg kommunikasjon med føretaket og utfylt kontrollskjema (ved stadleg kontroll).
Smittevern og kontroll: Kravet om 10 % kontroll gjeld uavhengig av covid-19-viruset. Kommunen må likevel ta omsyn til smittevern når de planlegg kontrollane. Det kan vere at de i større grad enn vanleg må ty til dokumentkontrollar. Når de skal gjennomføre stadleg kontroll, må de ha god dialog med føretaket om korleis de skal ta hand om smittvernet under kontrollen og på førehand ha ein plan for korleis gjennomføringa på staden skal skje. Både dei ein skal kontrollere og kommunen sine eigne tilsette skal takast vare på.
Les meir om kontroll i rundskriv 2020-29 kapittel 5.