Produksjonstilskot – fristar for kommunane

19. januar er frist for å handsame etterregistrerte opplysingar og setje søknad som skal vere med i hovudutbetalinga til «Foreløpig godkjent».

I perioden 20. januar til 5. februar skal kommunen fatte vedtak om produksjonstilskot ved å attestere søknadene.

Publisert 15.01.2021

Dei søknadene som hadde status «Foreløpig godkjent» 19. januar vil då ligge under «Søknader» og «Vedtak og attestasjon» i eStil PT.

Om kommunen treng meir tid på å handsama søknaden på grunn av spesielle høve (til dømes at de ventar på dokumentasjon frå søker eller avventar vedtak frå Mattilsynet), kan de la den ligge «Under behandling». Søknaden vil då ikkje bli med i hovudutbetalinga.

Nokre dagar etter hovudutbetalinga vil Landbruksdirektoratet opne moglegheita til å handsame søknadar i eStil PT att, og utføre utbetalingar kvar veke. Når kommunen har sett ein søknad til «Foreløpig godkjent» og attestert vedtaket, vil utbetaling skje påfølgjande tysdag eller torsdag og vedtaksbrevet vert sendt til føretaket i Altinn.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.