Produksjonstilskot – frist for etterregistreringar 10. januar

Føretaka som har søkt om produksjonstilskot for 2020 har frist 10. januar for å etterregistrere opplysningar i søknaden. Kommunane sin frist for handsaming av etterregistrerte opplysningar er 19. januar. Frist for gjennomføring av kontrollar og føring av opplysningar frå kontrollane i eStil PT er óg 19. januar. Det er framleis fleire kommunar som ikkje har registrert nok kontrollar til å fylle kravet om 10 % kontroll. 

Publisert 08.01.2021

Hugs at risikobasert dokumentkontroll av avløyserutgifter er relevant å gjennomføre etter fristen for etterregistreringar.

Føretaka har i søknadsskjema som er fylt ut i mars og/eller oktober hatt moglegheit til å krysse av for om dei ynskjer å få påminning om etterregistreringsfristen eller ikkje. Dei som har kryssa «ja» på spørsmål om påminning om etterregistreringsfristen, fekk i går, 7.1.2021, påminning per SMS og/eller e-post til det telefonnummeret og/eller e-postadressa som er registrert i søknaden.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.