Produksjonstilskot – forbetringar/rettingar i eStil PT

Landbruksdirektoratet gjorde 21. januar følgjande endringar i eStil PT:

Publisert 22.01.2021
  1. Det er no mogleg å angre på å ha gjenopna ein søknad, og under 'Vedtak og attestasjon' er det mogleg å filtrere på opplysningar. Innholdet i seksjon grunnopplysningar er komprimert for å få mindre «skrolling», og ved fjerning av endringsvarsel er talet på klikk redusert. Ved avansert søk på p-kodar og i rapporten 'Eksport søknadsdata' visast namn på p-kodane.
  2. Desse feila er retta i vedtaksbreva: Feil i visning av grunnlag for berekning av arealtilskot for grovfôr, og feil i visning av økologiske dyr. (Retta takk vere ein kommune i Vestfold og Telemark!) Landbrukseigedomar visast i vedtaksbreva når det er avvik mellom søker sin verdi og godkjend verdi, og det er retta ein feil i denne visninga.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.