Produksjonstilskot

Nytt i fagsystemet eStil PT:

Publisert 07.12.2020
  1. Bevaringsverdige kyr og oksar: Landbruksdirektoratet meldte for ei tid sidan: Det er no køyrt maskinell kontroll av talet på kyr og oksar av bevaringsverdig rase. Dersom føretaket har søkt om fleire storfe enn det som er registrert i Kuregisteret, kjem det ei stoppmelding. Søknader med avvik som har status "Foreløpig godkjent" vert gjenopna (sjå hendingsloggen). Meir informasjon finn du i sakshandsamingsrundskrivet, kap. 6.9.1.

 

  1. Rapport frukt, bær og potet: For ein månad sidan vart det lagt ut ein rapport om vanleg jordbruksproduksjon av frukt, bær og potet. Rapporten har av og til vore vanskeleg å hente ut. Denne feilen skal no vere retta.

 

  1. Rapport om driftsfellesskap: Det er lagt ut ein ny rapport om moglege driftsfellesskap. Når ein hentar ein rapport vises berre gyldige kommune- og fylkesnummer. I vedtaksbreva visast no føretaket sitt driftssenter, og namn på andre føretak i eit driftsfellesskap.

 

  1. Utbetalingar for tidlegare søknadsomgangar: Når Landbruksdirektoratet godkjenner utbetaling, vert sakshandsamar sin kommentar under «Seksjon Behandling» lagt som eit vedlegg under «Seksjon Dokumentasjon». Vedlegget vert sendt til arkiv ved neste sending, og vil kome på kommunen si postliste. Ver merksam på at kommunen er ansvarleg for å skjerme opplysningar som er underlagt teieplikt.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.