Oppfølging av melding om produksjonssvikt

02.08.2022 minte Grønt Fagsenter dyrkarane på at dei må melde frå om det er fare for svikt i produksjonen som er årsaka av klimatilhøve. Med dette vil Statsforvaltaren minne kommunane på korleis dei må handsame meldingar frå gardbrukarane om mogleg svikt i produksjonen.

Publisert 10.08.2022

Alle meldingar om mogleg svikt i produksjonen skal førast inn i meldejournal. Det skal noterast dato for melding til kommunen og om kommunen har kontrollert på staden.

Minst 10 % av plantedyrkarane og minst 50 % av birøktarane som har meldt frå om mogleg svikt i produksjonen, skal kontrollerast på staden. Det vil seie, om kommunen får éi melding om mogleg svikt i produksjonen, må det gjennomførast kontroll på staden. Får kommunen to/fleire meldingar, må det vurderast om det er trong for kontroll på staden. Kommunen må ha i tankane at det i ELF skal skrivast ei fråsegn om skadebiletet, skadeårsaker og om brukaren har gjort det som er mogleg for å avgrense skadeomfanget.

Areal som vert ståande uhausta skal alltid kontrollerast på staden, og kommunen skal gå god for at beste løysinga er å ikkje hauste. Det kan vere teneleg å oppmode dei som melder om mogleg svikt i produksjonen, om å melde frå på nytt om areal vert ståande uhausta. Om avling av verdi ikkje vert hausta, skal denne avlinga anslåast og reknast med i 'årets avling' i ELF.

I søknadar som gjeld «Vekstgruppe grovfôr (føretak med husdyr)» skal grovfôrlageret målast opp. Brukar og ein representant for kommunen skal måla opp fôrlageret med type og mengde fôr. Oppmålinga skal gjerast så snart som mogleg etter at dyra er sett inn og haustinga er sluttførte. Det  kan vere teneleg å oppmoda dei som melder om mogleg svikt i grovfôrproduksjonen (føretak med husdyr), om å melda frå på nytt når fôrlageret er klart for oppmåling.

I søknadar som gjeld «Vekstgruppe grovfôr (føretak med husdyr)», må kommunen òg skaffa greie på kor mykje fôr som er beita. Det finst eit eige skjema som kan brukast.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner