Ønsker kandidatar til Nasjonal kulturlandskapspris 2024

Knivbakkagjerdet, foto av kulturlandskapet for vinnaren 2023 som var Skjolden Beitelag.
Knivbakkagjerdet, foto av kulturlandskapet for vinnaren 2023 som var Skjolden Beitelag. Foto: Liv Byrkjeland / Liv Byrkjeland.

No er det igjen tid for å peike ut gode kandidatar for Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen.

Publisert 14.03.2024

Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen skal delast ut i år med, og Statsforvaltaren si oppgåve er å fremmje kandidatar.

Det er Norsk Kulturarv som har tatt initiativ til Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen. Norsk Kulturarv samarbeidar med Landbruks- og matdepartementet og Landbruksdirektoratet om å velge ut det beste prosjektet.

Kulturlandskapsprisen skal stimulere til å ta vare på og utvikle kulturlandskapet gjennom gode eksemplar. Formålet er både å auke kunnskapsnivået og å bevisstgjere om miljøverdiane i kulturlandskapet. Samtidig som prisen bidreg til å bevisstgjere allmennheita om utfordringar knytt til kulturlandskapsverdiar.

Korleis foreslå ein kandidat?

Statsforvaltaren ber om forslag til kandidatar fra Vestfold og Telemark. Oss ber om at ein brukar skjema (link høyre side) frå Norsk Kulturarv.  Frist for å melde inn eit begrunna forslag til Statsforvaltaren er fredag 19.april 2024.

Av invitasjonen til Norsk Kulturarv fremgår det at kandidatene blir vurdert etter følgende kriterier:

  • «Det skal vera gjort ein ekstra innsats for kulturlandskapet
  • Det skal bidra til heilheit og mangfald i/for kulturlandskapet
  • Det skal bevare og synleggjera kulturlandskapet
  • Det skal vera knytta til bærekraftig skjøtsel, aktivt landbruk og moderne drift av kulturlandskapet
  • Det skal auke tilgjengelegheita for allmennheita til kulturlandskapet
  • Det skal ha en læringseffekt om kulturlandskapet
  • Det skal forankre norsk kulturarv i kulturlandskapet
  • Det skal visast samanheng mellom natur og bygningar i kulturlandskapet
  • Det skal visast samanheng mellom kulturlandskap og verdiskaping».

Prisen består i eit grafisk blad utført i tresnitt av Hans Normann Dahl samt 50 000,- kroner bevilga av Landbruks- og matdepartementet.

Forslag sendast til marte.kvakland@statsforvalteren.no

Sjå i høgremenyen for nominasjonsskjema og kriteria for utval.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.