Meld tilbake om ekstra behov for SMIL-midlar innan 10. september!

Nokre kommunar har brukt opp sin pott, og har enda søknader liggande. Fylkesmannen har heldt tilbake 1 mill kr i ikkje disponerte midlar. (Disse kjem i tillegg til dei ca. 3,9 mill kr som er ikkje er disponert i kommunane).

Publisert 03.09.2020

Investering i tiltak mot avrenning til vatn er prioritert mtp. dei ikkje fordelte midlane. Anlegging eller utbetring av hydrotekniske anlegg som rørgater, kummar, avskjæringsgrøfter er aktuelle. Det same er anlegging eller tømming av fangdammar og erosjonsikring i vassdrag.

Flomdempande tiltak kan det og gjevast tilskot til, og gjenåpning av bekkelukkingar.

Desse kommunane har allereie meldt inn ekstra behov: Hjartdal, Larvik, Vinje og Tokke.

Omfordeling av ubrukte SMIL-midlar mellom kommunane vil skje etter 10. november.

Les meir om SMIL-tiltaka her.

Se vedlegg med kommunerapport med status frå SMIL i Agros.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.