Lansering av klimakalkulator 15. oktober
I samband med at klimarådgiving skal inkluderast som ein del av RMP, vil Landbruksdirektoratet informera om at klimakalkulatoren i landbruket.
Kalkulatoren blir i første omgang tilgjengeleg for produksjonane korn, gris og mjølk. Andre produksjonar blir fortløpande lanserte. Ved hjelp av verktøyet kan bonden no få oversikt over klimagassutslepp på gardsnivå, og gjera målretta tiltak for å kutta utslepp og binda karbon.
Alle kan følgja lanseringseminaret på livestream frå 08.30 – 10.00.
Seminaret streames på www.klimasmartlandbruk.no.
Sjå programmet her: https://www.facebook.com/events/267680047711170
(opptak vil òg bli gjort tilgjengeleg i etterkant)
På www.klimasmartlandbruk.no/ finst meir informasjon om kalkulatoren, kva som skal til for å ta han i bruk, og dessutan andre spørsmål og svar.
Det er utvikla to korte e-læringskurs til kalkulatoren. Desse finst her: https://www.landbruketsdataflyt.no/dfs_klimakalkulator/didac (pålogging med BankID)