Landbruksregisteret - massivoppdateringa av arealtal

Arealtall frå jordregisteret blir lese inn utan at kommunane treng å bestilla. Det er likevel viktig at endringar i AR5 er oppdatert i sentral base før 26. august.

Publisert 13.08.2021

Massivoppdatering vil seie at arealtal blir oppdaterte for alle kommunar i løpet av september, utan at kommunane treng å bestille. Grunnlaget for oppdateringa er arealtal frå jordregister som blir automatisk produsert hos NIBIO i første halvdel av september. NIBIO vil etablere ein kontrollert kopibase av AR5, dermed må AR5 i sentral base vere oppdatert i god tid.

Fristen for kommunar til å oppdatere AR5 direkte i sentral base (SFKB) er 26. august.

Opplysningar i Landbruksregisteret om kva grunneigedommar som er tilknytta kva landbrukseigedom, og merking av landbrukseigedommar som evt. skal sjåast bort frå oppdatering, må óg vera lagt inn i Landbruksregisteret innan 26. august.

Viktige datoar:

  • 26.8.: Frist for kommunar som oppdaterer AR5 i sentral base (Sentral FKB).
  • 26.8.: Opplysningar i Landbruksregisteret om kva grunneigedommar som er tilknytt kva landbrukseigedom bør vere oppdatert.
  • 26.8.: Landbrukseigedommar som eventuelt skal sjåast bort frå oppdatering må vere merka i Landbruksregisteret.
  • 1.9.: NIBIO startar arealutrekning gjennom produksjon av jordregister (batch-jobb). Landbruksdirektoratet oppdaterer arealtal i Landbruksregisteret fortløpande.
  • 1.10.: Søknadsomgang for produksjonstilskot del 2 blir opna. Arealtala i Landbruksregisteret er oppdatert.

I perioden frå 1. september vil ikkje kommunane ha moglegheit til å bestille jordregister og sende inn arealtal sjølv.

Meir informasjon og oppskrift for dette sjå her.

Denne informasjonen er tidlegare gitt til kommunal landbruksforvalting den 12. mai 2021

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.