Kontrollplan produksjonstilskot

Kravet om skriftleg plan for risikobasert kontroll av søknader om produksjonstilskot gjeld frå og med 2020. Fylkesmannen har laga eit forslag til mal som kommunane kan bruke som utgangspunkt for eigne planar.

Publisert 14.10.2020

Malane ligg til høgre under «Dokumenter». Vi har òg lagt ut eit døme på utfylt mal, som syner korleis malen er tenkt brukt.

Vi vil gjerne få innspel frå kommunane om forslag til endringar og forbetringar i malen som Fylkesmannen har laga. Mange kommunar har sikkert eigne idéar om korleis ein mal bør utformast og brukast. Kommunane står sjølvsagt fritt til å lage eigne malar for kontrollplanen, ut frå krava som er gjeve i rundskriv. Vi oppmodar om å dele malar som de gjer gode erfaringar med.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.