Kontroll RMP-tilskot

Vi minner om 5 % risikobasert kontroll av RMP-søknadene for kvart landbrukskontor.

Publisert 16.10.2020

Risikobasert kontroll kan gjerast for enkelte søknader eller enkelte opplysningar i søknadene. Meir om risikobasert kontroll av RMP-tilskudd i rundskriv 2020-19 frå Landbruksdirektoratet. I rundskrivet står det på side 25: «Kommunene skal dokumentere de vurderinger og prioriteringer som ligger til grunn for utvalget av søknader til kontroll. Slik dokumentasjon kan for eksempel være interne arbeidsdokument eller risikoverktøy.» Landbruksdirektoratet har innskjerpa den risikobaserte kontrollen for produksjonstilskot og det gir òg føringar for RMP-tilskot.

Rundskriv 2020-19 beskriv òg korleis stadleg kontroll skal varslast og dokumenterast.

Som i fjor, bør soner for pollinerande insekt kontrollerast. Det er gledeleg stort omfang sjølv om førebels sats er redusert til 15 kr per meter. Men vi krev ei vel fungerande sone for å vera berettiga tilskot. Foto som dokumenterer at pollinerande soner oppfyller vilkåra, skal ifølgje RMP-vegleiaren framvisast ved kontroll. Nytt i år er at det ikkje kan givast både tilskot til beiting og slått av verdifulle jordbrukslandskap på innmark. Dette bør sjekkast både i kontroll og saksbehandling

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.