Kontroll av Vegetasjonssone i søknadar om produksjonstilskot og avløysartilskot
Alle kommunane har i år meldt at vegetasjonssone mot vassdrag er eit av kontrollpunkta i handsaminga av PT-søknadar.
Publisert 16.11.2022
I Forskrift om produksjonstilskudd mv. i jordbruket, §4, fjerde ledd, heiter det:
"Tilskuddet skal avkortes dersom jordbruksarealet ikke har vegetasjonssone på minst to meter mot vassdrag med årssikker vannføring, målt horisontalt fra vassdragets normalvannstand. Vegetasjonssonen kan ikke jordarbeides".
Rundskriv 2022-75 poengterer at det dreier seg om ein skal-regel. Rundskriv 2022-75 angir vidare korleis avkortinga skal reknast.