Kompetansetilbud AR5 2022
NIBIO tilbyr kurs og rettleiing i ajourføring av AR5. Statsforvaltaren ønsker tilbakemelding dersom nokon vil delta på feltkurs, så vil Statsforvaltaren vidareformidle dette til Nibio. Sjå òg informasjon om kurs for AR5Web som er ei ny løysing for webbasert ajourhold av AR5.
Feltkurs
Etter to år på teams satser Nibio no på å kunne arrangere feltkurs i felt igjen. Nibio har kapasitet til å halde fire kurs i løpet av juni. For å dekke dei ulike delane av landet er det fylgjande fordeling:
- Øst (Innlandet eller Viken), forslagsvis veke 22
- Vest (Vestland), forslagsvis veke 23
- Midt (Trøndelag), forslagsvis veke 24
- Nord (Troms og Finnmark), forslagsvis veke 25
I år vil Nibo legge opp til å bruke heile dagen ute. Teoridelen tas på teams gjennom webinar i forkant av feltkursa, for dei som er nye eller ønsker påfyll/repetisjon.
Nibio ønsker å legge til rette for deltaking på tvers av fylkesgrensene, og vil be dei som er interessert i kurs om å melde frå til Statsforvaltaren i sitt fylke.
Ajourholdskurs
Etter at dei fleste kommunane no ajourfører AR5 direkte mot sentral base, er det teknisk krevande å gjennomføre ajourhaldskursa slik som før. Dei tradisjonelle ajourhaldskursa i kommunane sitt eige kartverktøy (GISLINE og WinMap) er difor erstatta av tilbod om nettkurs og nettbasert rettleiing.
I tillegg til nettkurs i GISLINE og WinMap er det og tilbod om nettkurs i webbasert ajourhald i verktøyet AR5web som NIBIO no innfører. Sjå eiga side med informasjon om AR5web, her.
Viss fleire har behov for opplæring kan vi lage eit tilpassa kursopplegg over eit eller fleire nettmøter.
I tillegg er det lagt ut fleire korte videoar som viser døme på ajourføring. Videoane er lenka opp på denne sida.
Nettbasert rettleiing
Her kan ein få hjelp kjapt og enkelt, uten spesielt utstyr eller programvare.
Informasjon om kurs og rettleiing finn de også på nettsidene til Nibio, her.