Lovsaker

Juridisk avklaring om driftseining og odel, plassering av solceller på dyrka mark og avgjerd i konsesjonssak om aksjeselskap.

Publisert 26.01.2022

Landbruks- og matdepartementet har gitt ei uttale om driftseining og odel. Dei tek føre seg eit tilfelle der ein parsell blir delt frå ein odelseigedom for å leggjast til ein annan landbrukseigedom som tilleggsjord. I eit slikt tilfelle er det ikkje nødvendig å behandle ny delingssak dersom parsellen blir tatt på odel. Departementet gjer òg informasjon om kordan kommunen skal løyse spørsmålet når dei får eigenerklæringsskjema til vurdering og dei må ta stilling til om eigedomen er i driftseining.

Landbruksdirektoratet har fått spørsmål frå Modum kommune om utplassering av solcellepanel på landbrukseigedom. Dei har vurdert om slik bruk er eit erverv etter konsesjonsloven, og om det er naudsynt å søkje omdisponering og deling etter jordlova. Det er òg gitt korte kommentarar om nydyrking og driveplikt.

Landbruksdirektoratet gjorde ikkje om vedtak frå Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark der Statsforvaltaren, etter klage frå Bondelaget, gjorde om kommunen sitt vedtak om å gi konsesjonsløyve til aksjeselskap ved erverv av ubygd landbrukseigedom. Selskapet meinte at Bondelaget ikkje hadde rettsleg klageinteresse og at Statsforvaltarens vurdering av at det må vere fordelar for eigedomen med aksjeselskap som eigar framfor personleg eige, er ei innskrenkande tolking av lovteksten. Landbruksdirektoratet fann at det ikkje var feil eller manglar ved Statsforvaltarens vedtak, og at vedtaket var gyldig.

Ta kontakt med Elisabeth Hammer dersom dykk ønsker å få dokumenta tilsendt.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner