Informasjon om arbeidskraft
Vi ønsker å gi dykk ei lita oppdatering på kva som skjer rundt arbeidskraft i landbruket.
Publisert 23.04.2021
Dette veit vi:
- Ordninga til landbruksdirektoratet skal fungera, men det gjeld berre heilt kritisk personell, og personell som har vore i Noreg på den aktuelle garden tidlegare. https://www.landbruksdirektoratet.no/nb/jordbruk/ordninger-for-jordbruk/soknad-om-unntak-fra-innreiserestriksjonene-for-grontnaeringen
- Arbeids- og sosialdepartementet har gjort ei endring i utlendingsforskriften, slik at utanlandske arbeidstakarar som allereie er i Noreg kan få forlengt opphaldsløyvet sitt. https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/utenlandske-arbeidere-far-forlenget-oppholdstillatelse/id2844900/
- Noregs Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og staten har vorte samde om å vidareføra utvidinga av avlingssviktordningen for jordbruket slik at ho òg for sesongen 2021, omfattar avlingssvikt som følgje av mangel på arbeidskraft. Ordninga vart utvida for sesongen 2020 for å bidra til risikoavlastning for produsentane slik at dei set i gang med planlagt produksjon. https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/risikoavlastning-for-grontprodusentene-ved-mangel-pa-arbeidskraft/id2842189/
- Husdyr står på lista over samfunnskritisk personell på lik linje med grønt. https://www.regjeringen.no/contentassets/8da70b8196a24296ae730eaf99056c1b/liste-over-kritiske-samfunnsfunksjoner_oppdatert.pdf Grensekontrollen har likevel avvist arbeidarar til husdyrprodusentar, med argument om at dei manglar godkjenning frå landbruksdirektoratet. Dette ser ut til å vera ei misforståing då husdyr ikkje er ein del av ordninga til landbruksdirektoratet.
- Vietnam, er framleis på lista til UDI over land som ikkje får innreise pga vanskeleg retur. https://www.udi.no/viktige-meldinger/informasjon-til-sesongarbeidere-fra-land-det-er-vanskelig-a-returnere-til/ Vietnam er eit viktig land for grøntnæringa, høsting av både grønsaker og jordbær. Dette blir jobba mykje frå fleire hold om å få til ei opning frå Vietnam.
- Det viser seg at arbeidarar som er i Noreg over ei viss tid har rett på vaksine på lik linje som oss som bur i Noreg. https://www.fhi.no/nettpub/vaksinasjonsveilederen-for-helsepersonell/vaksinasjon/koronavaksinasjonsprogrammet/. Dei må kontakta kommuneoverlegen i den kommunen dei bur. I samsvar med forskrift om nasjonalt vaksinasjonsprogram § 1 gjeld programmet alle personar i definerte målgrupper som bur eller mellombels oppheld seg i kommunen. Tilbodet omfattar utanlandske statsborgarar som oppheld seg i Noreg dersom dei tilhøyrer dei definerte målgruppene for vaksine. Registrering i SYSVAK kan gjerast på fødselsnummer og D-nummer. Registrering på DUF-nummer er mogleg, men dette føreset at personopplysningar er detaljerte og riktige ved innmelding.
- Planting av skog sesongen 2021. Stortinget har vedteke å løyve kr 1,50/plante som blir sett ut denne perioden. Løyvinga kjem i revidert statsbudsjett i mai og formålet er både til opplæring av norsk arbeidskraft og dekning av ekstrakostnader som innreiserestriksjonane medfører for skogbruket. Nære reglar vil koma etter kvart.