Gode arbeidsmøte om Areal ute av drift

Vi vil takke kvar og ein for god deltaking på arbeidsmøta om Areal ute av drift i mai. Alle kommunane har delteke og har starta opp arbeidet med registrering i sin kommune. Det var mange gode vurderingar og diskusjonar, og dykk i kommunane sitt nærast areala og brukarane.

Publisert 11.06.2021

Arbeidet framover

Vi ynsker at kommunen finn ei høveleg framdrift på arbeidet framover. Vi oppmodar om å lage ein plan på registreringane. Det vil seie ein plan på kva for område eller type areal ein vil prioritere, kva ressursar ein har tilgang på og til dømes korleis ein kan kombinere synfaring med anna arbeid ute. Ut frå det må ein setje opp ein realistisk plan. Vi har oppmoda kommunane om å nytte metoden og dette prosjektet til å setje fokus på driveplikta i eigen kommune. Vi minner på at hovudprosjektet er i 2021, men arbeidet vil halde fram etter det. Vi oppmodar difor om å kome så langt som mogleg med registreringane dette året når vi har eit felles løft og tilgang på felles ressursar i arbeidet.

Neste samling

Vi ber dykk halde av torsdag 26. august for ei samling. Her vil vi bruke erfaringane som dykk og vi har gjort oss gjennom sesongen. Vi vil og setje meir fokus på arbeidet med å følgje opp areal som er klassifisert som Klasse 3 – ute av drift, men bør attende i drift. Vi har lagt ut alle brevmalane (https://www.statsforvalteren.no/vestfold-og-telemark/landbruk-og-mat/jordvern/areal-ute-av-drift/verktoykasse-for-kommunene/) til dykk i forvaltinga. Her kan det vere nødvendig med justeringar og lokale tilpassingar, men det gir dykk ei ramme for å følgje opp der dykk vil nytte brevform.  Meir om dette vil kome på samlinga og utover hausten, men gjer dykk gjerne erfaringar med malane allereie.

Erfaringar med metoden

Mange kommunar uttrykte at dei meiner metoden vil vere nyttig i arbeidet. Omfang på registreringar og ressursar i arbeidet er likevel ulikt mellom kommunane. Sjå neste side for ein del spørsmål og vurderingar som vi har fanga opp frå møta med dykk.

Det er ikkje alltid lett å sjå kva for ei klasse arealet høyrer til og dei ulike klassene tek ikkje opp alle variantar. Likevel skil dei på om areala er i ei drift eller utanfor. Hugs at målet framleis er å følgje opp areal ute av drift som bør vere i drift, dette sett litt rekkefølge på prioritet i arbeidet.

Frå prosjektsida har vi mål om å bruke sumarsesongen til formidling og fokus på tema. Dykk må og berre ta kontakt om det et tekniske spørsmål i registreringa eller anna. Bruk gjerne moglegheita til å snakke om prosjektet i dykkar krinsar og. Gje oss gjerne beskjed om dykk vil kople oss på her!

 

God sumar og godt arbeid til dykk alle!

 

FAQ

Det var nokre spørsmål som gjekk att frå kommunane i møta og vi vil prøve å svare dei ut her:

  • Kommunen har veldig mange grå punkt, skal vi ta med dei minste areala?
    • Vi har teke bort areal <0.5 daa for å reinske tabellen. Utover det må ein setje ein prioritet på kva for område, type areal eller storleik ein vil byrje med.
  • Fleire grå punkt på same areal - skal alle registrerast?
    • For statistikken sin del er det ja. Vi kjem til å ha dialog med NIBIO for å sjå på moglegheiter for å samle areal innanfor ein landbrukseigedom slik at det blir færre punkt. Fram til da anbefaler vi at alle punkta registrerast.
  • Innanfor eitt grått punkt (areal) er det både areal i drift og utanfor som det delvis er søkt om Produksjonstilskott (PT) på. Kva for klassifisering blir rett?
    • Her må kommunen vurdere om ein skal leggje det som klasse 1 eller 2 og med ein sidekommentar. Om mogleg endre i AR5 dersom arealet ikkje har rett ressursklasse lenger. Eller ein kan og velje å legge til klasse 5 – må sjekkast opp for å ha godt oversyn på alle desse områda dersom det er mange og de treng ei samla oppfølging. Her er det fleire svar som blir rett ut frå lokale høve og kommunen si vurdering.
  • Korleis registrere små areal utanfor landbrukseigedom, langs vegar, inneklemt osv.
    • Dersom desse driftast saman med eit større areal er det naturleg å velje klasse 1 eller 2. Hugs framleis på målet om å avdekkje dei areala som bør attende i drift.
  • Registreringa vert ikkje lagra
    • Dette har skjedd med nokre få brukarar og vert ikkje oppfatta som eit dagleg problem. Meld frå til oss om det held fram.
  • Kan det leggast til nye grå punkt på areala?
    • Nei, det er ikkje ynskeleg, sjølv om det går teknisk sett. Dette forstyrrar statistikken og oversynet i kommunane. Da er det betre å leggje ein kommentar i tabellen på desse areala.
  • Klasse 4, skal man være forsiktig i første omgang med å gje areal denne klassa, i og med at det er ein open løysning?
    • Dersom ein vel å setje i klasse 4 må ein være merksam på at det er «kan vurderast teken ut av varig drift». Det vil berre seie at det må vurderast og vegen til varig fritak er ikkje avgjort. Vi har lagt vekt på at dersom ein ikkje veit meir, så er det betre å velje klasse 3 framfor klasse 4.
  • Areal som er i ei drift, men det ikkje er søkt om PT. Kva for klasse skal dei setjast til?
    • Naturlig vil dette være «grøne» areal. Det vil være klasse 2 dersom det ikkje er noko produksjon på den, men dei er skjøtta slik at dei oppfyller jordlova. Ein kan og velgje å setje i klasse 1 dersom det er produksjon som har rett på PT utan at det er søknad om PT. Da kan ein leggje inn ein kommentar. Metoden har ikkje eigen klasse for desse areala.
  • Innspel til kartløysing.
    • Ved registrering i kartet må ein først trykke på redigeringsknappen oppe i høgre hjørne, og så trykke på grått punkt i kartet. Det er viktig at ein ikkje trykkar på symbola i redigeringsboksen. Sjå døme på dette i bilete under.
    • Det er og mogleg å slette punkta, men dette er berre aktuelt dersom laget «mogleg areal ute av drift» frå Nibio blir endra.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.