Fagsystemet eStil- RMP. Søkar får "Teknisk feil" ved "Hent teikna tiltak"

Ein del søkarar får feil når dei skal importera teikna tiltak frå kartet til skjemaet. Årsaka til feilen er at fagsystemet ikkje klarer å oppdatera seg.

Publisert 15.10.2020

Problemet oppstår når søkaren importerer kart med teikna tiltak frå 2019. Deretter slettar søkaren ein / fleire eigedom som har vore på søknaden i 2019. Når søkaren er tilbake i søknadskjemaet og trykkar «Hent teikna tiltak» får melding om «Teknisk feil».

Vi har funne at søkarar kan levera søknaden likevel med litt «triksing», søkarar kan prøva følgjande:

• Finna ut kva eigedomar, som var i kartet frå 2019, har søkaren sletta.
• Søkar går tilbake til kart og oppretta på nytt (sjå utklipp nr. 1 under) den eigedomen / eigedomar frå 2019. Søkaren treng ikkje å teikna tiltak på den / desse eigedomane.
• Søkaren går tilbake til søknadskjemaet og trykkar «Hent teikna tiltak».

Det er ein fordel om kommunen hjelper søkarar med oppgåva. Når kommunen loggar seg i fagsystemet, får saksbehandlarar fram ei liste som også viser dei eigedomane som søkarar har sletta frå karta for 2019 (sjå utklipp nr. 2)

UTKLIPP NR. 1

UTKLIPP NR. 2 (Fiktiv døme)

Det er ikkje sikkert dette fungerer i alle tilfelle, og det vil framleis vera aktuelt å gi dispensasjon frå søknadsfristen for fleire.

Program- utviklarar hos Landbruksdirektoratet jobbar framleis med å fiksa feilen

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.