Erstatning ved svikt i produksjonen 2020

Som tidlegare år kan det løyvast erstatning for svikt i plante- og honningproduksjonen som er årsaka av klimatiske tilhøve. I år kan det i tillegg løyvast erstatning for svikt i produksjonen av frukt, bær, grønsaker og potet som er årsaka av at koronarestriksjonar har ført til mangel på arbeidskraft. 

Publisert 28.08.2020

Produsentar som trur dei vil koma til å søkje om erstatning for svikt i plante- og honningproduksjonen, må melde frå til kommunen med det same. Kommunen skal gjere stadleg kontroll hos alle føretak der produksjonssvikten skuldast mangel på arbeidskraft. 

Dei nye forskriftene er klare. De finn dei her: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2012-01-17-56?q=erstatning%20ved%20klimabetinget%20avlingssvikt

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2018-08-01-1215

Søknadsskjema og nytt rundskrivet (2019/30) er under utarbeiding. Ny informasjon vert lagd ut her så fort han er klar. 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner