Ekstra tildeling av SMIL-middel til kommunane er utført

Ni kommunar melde inn behov for ekstra tildeling av SMIL-middel innan fristen. Den ufordelte potten på omlag 1 mill kroner er no delt ut.

Publisert 30.09.2020

Fylkesmannen hadde i tildelingsbrevet til kommunane i januar 2020 lagt føringar for bruken av desse SMIL-midla som ikkje var disponerte.

Føringane og dei ekstra tildelingane er å finna i brevet sendt til postmottak i kommunane. Sjå dokument til høgre.

Omfordeling av SMIL-middel som ikkje er disponerte mellom kommunar vil skje 10. november. Før det vil Fylkesmannen senda ut kartlegging av gjenståande behov i kommunane.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.