Dokumentasjon av avling ved svikt i honningproduksjon

Frå 2024 er det nye krav til dokumentasjon av honningavling.

Publisert 28.11.2024

Dei som søkjer om tilskot ved svikt i honningproduksjon, må dokumentere avling for åra 2020-2024.

Godkjent dokumentasjon vil normalt vera ei samanstilling av avling målt i kr og kg, som er attestert av autorisert rekneskapsførar. Avlingane må vera periodiserte etter produksjonsår (ikkje salsår).

Produsentar som leverer heile avlinga til Honningcentralen, kan dokumentere avlinga med årsavrekningar frå Honningcentralen.

I regelverket vert det skilt mellom ‘informasjon’ og ‘dokumentasjon’. ‘Dokumentasjon’ inneber at ein kompetent og uhilda tredjepart har gått god for opplysningane. Når det gjeld honningavling, er det presisert at det er ‘dokumentasjon’ som gjeld.

Tidlegare år har me i stor grad godtatt ‘informasjon’ som grunnlag for tilskot ved svikt i honningproduksjon. Den nye praksisen vil gjere forvaltninga av tilskot ved svikt i honningproduksjon meir effektiv og påliteleg. Han vil og samsvara med praksisen for tilskot ved svikt i planteproduksjon.

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.