Landbrukseigedom i dødsbu

Ny arvelov trådde i kraft 1.1.2021. Når § 99 a trer i kraft, må kommunane mellom anna rekne med å varsle dødsbuet om denne treårsfristen. Kommunen skal då innan eit år varsle dødsbuet om fristen.

Publisert 01.03.2021

I § 90 femte ledd går det fram at tingretten skal melde frå til landbruksmyndigheten når det ligg landbrukseigedom i buet. Meldinga går då til kommunen der landbrukseigedomen ligg, og gir opplysningar om kven som er arvingar i buet. Landbrukseigedom er i dette tilfellet definert som ein eigedom som består av fem dekar jordbruksareal eller meir, eller 25 dekar produktiv skog eller meir.

Vi gjer òg merksam på endringslov til arveloven § 99 a, som ennå ikkje er trådd i kraft. Denne regelen setter ein frist på tre år for å overføre landbrukseigedomen i dødsbu til ny eigar. Denne treårsfristen gjeld frå det tidspunktet § 99 a trer i kraft, og ikkje frå arvelataren sin død.   

Når § 99 a trer i kraft, må kommunane mellom anna rekne med å varsle dødsbuet om denne treårsfristen. Kommunen skal då innan eitt år varsle dødsbuet om fristen.

Landbruksdirektoratet har opplyst at dei vil oppdatere sine heimesider straks arveloven § 99 a trer i kraft. Då vil kommunane få nærmare informasjon om oppgåver og saksbehandling.

Denne informasjonen finn du òg på https://www.landbruksdirektoratet.no/nb/forvaltning/veiledning-for-forvaltningen/konsesjon-pa-eiendom-samleside-for-forvaltningen

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.