Statlege forventningar til kommunane – 2023
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har, saman med andre regionale statsetatar, utarbeida eit forventningsbrev til kommunane for 2023.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I brevet formidlar vi styringssignal gitt gjennom m.a. lovar, forskrifter, stortingsmeldingar og deira handsaming, rikspolitiske retningsliner, rundskriv, statsbudsjett, dei tilhøyrande tildelingsbreva til statsetatane og kommuneproposisjonen.
Føremålet med dokumentet er å legge til rette for effektiv styringskommunikasjon, mellom anna ved å klargjere ansvaret til kommunane og det lokale handlingsrommet.
Forventningane er utforma enten som krav/pålegg (må/skal) eller prioriteringssignal. Dette skiljet er sentralt, for å gjere tydeleg det kommunale handlingsrommet. Krav/pålegg er derfor merka særskilt.
Forventningsbrevet erstattar ikkje den løpande kommunikasjonen mellom staten og kommunane, men er eit årleg forsøk på å gi betre oversikt, heilskap og samanheng på strategisk nivå. Ved eventuelle vesentlege endringar gjennom året vil kommunane bli særskild informerte.
Brevet er heller ikkje ei fullstendig oppgåveliste. Det sentrale er nye eller justerte krav til kommunane og høgt prioriterte oppgåver, statlege satsingar, jf. mellom anna konsultasjonsordninga, og dessutan område der det er ynskjeleg at resultata til kommunane blir betre.