Seljord kommune søker om endra utsleppsløyve for Seljord reinseanlegg

Høringsfrist:
1. april 2025

Seljord kommune søker om auka utslepp frå det kommunale reinseanlegget med utslepp til Seljordsvatnet. 

Publisert 03.03.2025

Reinseanlegget har i dag kapasitetsutfordringar under store årlege arrangement og ved påslepp av avlaupsvatn frå separate avlaupsanlegg. Nye og planlagde påkoplingar av bustader bidrar òg til eit behov for å auke kapasiteten. Det er planlagt ein buffertank for å handtere belastningstoppane, samt et eige septikmottak.  

Kommunen søker om å auke ramma i løyvet frå 2 000 pe til 4 000 pe i snitt gjennom året. Maksveka, som i dag har ei ramme på 3 000 pe er søkt auka til 8 000 pe. Det er lagt opp til 90 % reinsing av fosfor, 70 % reinsing BOF5 og 75 % KOFCr, og det er forventa at nitrogen blir redusert med 30 %. 
 
 

Eventuelle innspel til søknaden kan merkast 2023/12959 og sendast innan 1. april 2025 til:  

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg eller på e-post til sfvtpost@statsforvalteren.no 

 

 

Høringsfrist:
1. april 2025

Kontakt oss

Fagsjef Forurensning:
Siv Hege Wang Grøvo
Telefon 33 37 23 18

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding 

FNs 6. berekraftsmål: Sikre berekraftig vassforvaltning og tilgang til vatn og gode sanitærforhold for alle.